Dagens bukett med roser vil me gje til alle dei som jobbar ved Jensahaugen burettslag. Dei har sidan oppstart sytt for at Frode Johannessen, svoger vår, har fått ei kjærleg, god og trygg omsorg heilt fram til han no døydde i heimen sin.
Me nærmaste pårørande har blitt tatt godt i mot i alle desse åra, og dei har og synt omsorg for oss. No mot slutten har dei gitt av seg sjølv til oss alle.
Me set og stor pris på det Livar Braut har gjort for Frode gjennom alle år -takk skal du ha.
Helsing oss svigerinner
Publiseringsdato 16.10.2024